ÅmliAvisa AS blei stifta i mai 2007, og første avis kom ut den 6. mars 2008. Per 1. januar 2010 har avisa 164 aksjonærar. Eigarane er enkeltpersonar, lag, organisasjonar, private bedrifter og kommunen. Lista over alle aksjonærane ligg her i pdf-format.
Kommunen er største eigar, men vedtektene slår fast at ingen aksjonær kan stemme for meir enn 10 prosent av aksjane.
Redaksjonen brukar både nynorsk og bokmål.
Godkjent opplag for 2009: 1521 aviser (1403 abonnentar, 118 i laussal).
Frå vedtektene
* ÅmliAvisa skal vere ei lokalavis med hovudvekt på det geografiske området Åmli kommune.
* ÅmliAvisa skal vere eit frittståande og partipolitisk nøytralt organ.
* ÅmliAvisa skal rette seg etter Redaktørplakaten og Ver varsamplakaten.
* ÅmliAvisa skal ha eit positivt fokus, men skal òg våge å ta opp kontroversielle saker.
* Avisa skal vere språknøytral. Kommunen bruker i stor grad nynorsk, dette gjeld òg mange av organisasjonane og laga, samt fleirtalet av innbyggjarane i kommunen. Det er derfor viktig at redaksjonen kan handtere nynorsk, og at den ser eit særleg ansvar for og syner respekt for nynorsk.
Vedtektene ligg i pdf-format her.
| Styret (Valt på generalforsamlinga 16. juni 2010) |
Valkomité | |
|
John Mjåvatn (styreleiar), Åmli sentrum (1 år) |
Trond Aslaksen (leiar) (2 år)
|
AmliAvisa kan kjøpast her
ÅmliCoop Prix Åmli VegårsheiSpar Vegårshei
|
NissedalSpar Treungen FrolandMykland Landhandel TvedestrandKiwi Tvedestrand
|
